Bremerfjøsen
«Ved eit knitrande bål i vinterkvelden vert du servert ein velkomstdrink som varmar. Strålande faklar viser deg vegen vidare til inngangen, du stig over dørstokken og kjem inn i Bremerfjøsen, der varmen frå peisen leikar seg oppetter tømmerveggane.
Du set deg til bords og nyt eit måltid basert på gode tradisjonar og lokale råvarer. Underhaldning frå våre lokale tilbydarar, eit glas «Kalvagodt» i Silobaren, og kanskje ein svingom på dansegolvet?»
Kan du sjå det føre deg? Det kan me! Bremerfjøsen er staden for gode opplevingar. Og her skal me ilag med deg skapa minner som varer!
Bremerfjøsen er staden for gode opplevingar. Ilag med deg vert gode minner til!
Me ynskjer at du skal få sette ditt personlege preg på ditt arrangement. Fargevalg, dekor, bordoppsetting, meny – alt som gjev ei flott ramme og ei unik oppleving vil me gjerne hjelpa deg med.
Sjå vår
Meny
X